Du kan nå oss på to måtar:
- Klikk «Spør NDLA» nede til høgre på ndla.no, skriv det du lurer på, og trykk «Ta kontakt med oss». Då ser me kva side du er på.
- Send e-post til hjelp@ndla.no.
Me er menneske. Det er ikkje KI som svarar deg her. Me svarar vanlegvis i løpet av to arbeidsdagar, ofte raskare. Du får kvittering på e-post med ein gong. Får du ikkje kvittering, sjekk søppelpost og at du har skrive rett e-postadresse.
Skal me kunne svare, må du leggje igjen ei e-postadresse. Vil du vere anonym, kan du skrive Anonym@ndla.no. Me behandlar saka likevel.
Dette hjelper oss å svare raskt: lenkje til sida det gjeld, kva nettlesar du brukar, og gjerne ei kjelde viss du meiner noko er feil. Sjå også Feil og feilsøking.
Har du funne ein feil, vil du klage eller har du eit godt forslag? Då vil me gjerne høyre frå deg. Me rettar og forbetrar innhald kvar dag, ofte fordi nokon har teke kontakt.
Eksterne lenkjer er alltid utfordrande. Dei blir endra utan at me får varsel. Me oppdaterer lenkjer til eksterne nettsider nesten dagleg, og er takknemlege for at du seier frå om lenkjer som ikkje fungerer. Har du forslag til lenkjer som passar betre, tek me gjerne imot dei.
Me kan ikkje gjere lekser eller gi svar på oppgåver. Sjå Hjelp til oppgåver eller lekser.