NDLA er ein del av det nordiske OER-nettverket som lagar opne, fritt tilgjengelege læremiddel. OER står for Open Educational Resources og er ei internasjonal rørsle. Dei fleste læringsressursane på NDLA.no har Creative Commons-lisens av typen «del på same vilkår», det vil seie at ein deler vidare med same lisens som før. Veldig mange av bileta du finn på NDLA, har du lov til å bruke i presentasjonar og andre tekstar, så lenge du namngir opphavspersonen og deler på same vilkår. Nede på alle sider på NDLA.no kan du finne oversikt over lisensar for innhaldet. Klikk på dei ulike lisensane for å sjå kva du har lov til å gjere. Med opne og fritt tilgjengelege læringsressursar kan elevane bruke, endre og omskape ressursen i læringsarbeidet sitt.
Er du usikker, så klikk gjerne på «Spør NDLA» og spør, eller klikk på "Sitere eller gjenbruke", så finner du nok informasjonen du trenger.
Les gjerne om Åndsverk og opphavsrett og Det handler om å dele: Creative commons.