Flinke elevar og lærar oppdagar og tipser heldivis om skrivefeilar i oppgåver fasitar. Dette rettar me raskt, men av og til er det teknologien som lagar krøll.
I nokre av dei interaktive oppgåvene viser me innhaldet vårt frå ei anna nettside. Dette kan gjere at det ikkje vert vist korrekt hos deg. For at interaktivt innhald (H5P) og NDLA film skal virke må du godta informasjonskapsler/cookies frå tredjepart. I Chrome kan du sjå eit auge med strek over oppe i adressefeltet:
Viss du klikker på auget og så velger "Virker ikke nettstedet" og deretter "Tillat informasjonskapsler", så skal alt virke heile tida.
Andre nettlesarar som blokkerer cookies frå tredjepart på ndla.no får samme problem. Heldigvis finst det oppskrifter på korleis du rettar dette i ulike nettlesarar.
Til dei som bruker Internet Explorer, ja me veit at det er nokre av dykk. Lev betre, bytt nettlesar: https://browsehappy.com/.