Hallo og hei! Du har kanskje prøvd å skrive/chatte med oss i Spør NDLA/Tilbakemelding?
Har du funne ein feil, har ein god ide til forbetring, eller vil tipse oss om utdatert informasjon eller noko anna? Då vert me veldig glade om du gir beskjed! Det speler inga rolle om du er elev, lærar, forskar, føresett, eller noko anna. Me tek alle innspel på alvor.
Etter at du har skrive noko inn der, så dukkar det opp ein knapp som heiter "Ta kontakt med oss". Viss du klikker på den, skriver noko og klikker send, så ser me det. Men me ser ikkje spørsmålet ditt før du gjer det.
Om du vil ha svar og kontakt med oss, må du leggje igjen ei e-postadressse me kan nå deg på. Du får kvittering frå hjelp@ndla.no med ein gong. Viss du ikkje ser kvitteringa, kan du sjekke spam/useriøs e-post. Me svarar vanlegvis i løpet av to arbeidsdagar.
Søkeord: support, hjelp, problemer, kontakt, kontaktinformasjon, feil