Korleis kan me finne ut kva som er feil, og korleis me kan fikse det?
For å kunne hjelpe trenger me informasjon:
- urlen/adressa du er på når du opplever feil
- korleis kom du dit? (Lenke i LMS, google, tasta, søkte osb.)
- info om maskinen din: kva nettlesar, versjon og operativsystem bruker du?
- Kva skjer om du opner akkurat same url i nytt privat vindu? (Dette for å luke ut cookies og eventuelle tillegg du har i nettlesaren)
- Opplever du dette kvar gong? Finst det noko mønster? Heime og skule?
- Skjermbilde eller informasjon om feilmeldingane nettlesaren har
- Det første ein alltid kan prøve er å avslutte nettlesaren og starte den på nytt igjen. Då får ein sjekka om ein er logga inn der ein trur, eller om noko anna har blitt oppdatert.
Klikker du Spør NDLA og søker, så dukker det opp eit kontaktskjema. Men du kan og sende inn slikt til hjelp(a)ndla.no
Finn og del feilmeldingane:
For å vise javascript-konsollet gjer du slik:
- Windows/Linux: Trykk Control + Shift + J.
- Mac: Trykk Command + Option + J.
Du får då opp noko slikt som til høgre her.
Raud tekst er gull for dei som skal hjelpe deg å feilsøke. Der står det ofte kva som er gale.
Og viss ikkje snarvegen virkar, sjekk https://developer.chrome.com/docs/devtools/console/javascript/